Springflo

Orda dine
rører meg
som lett sommarregn
og springflo
på same tid.

Advertisements

Angsten

Angsten
kom med deg,
saman med gleda
og lyset.

Og når angsten trugar
med å ta alt vekk,
sparkar gleda han
på skinneleggen og kviskrar:

Visst gjer det vondt
å mista, men kjenn på
kor lyset varmar akkurat no,
det er det einaste som tel!

Blåauga

Kjære vesle blåauga,
godtruande
og naive sjel,

Verda vil vera hard
mot deg,
og hjartet ditt vil
verta knust
meir enn ein gong.

Du vil kjenna svik,
kjenna deg åleina,
og tilogmed latterleggjort
for det gode hjartet ditt,

men eg er her,
klar til å ta imot deg,
så fallet ikkje følest så hardt.

Mygg

Ikkje alle
kjenner skildnaden
på ekte venlegskap
og det skodespelet du driv med.

Ikkje alle veit
at bak sommarfuglhamen din
bur det ein mygg
som stikk når han ikkje har meir å henta.

Forventing

Det er ikkje alltid
sommarfuglar.
Nokre gongar er det
småfisk i ein stim,
som hoppar,
nesten dansande
av forventing.